BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Pulsen på Bryne

Engasjement – Inspirasjon – Framtid

Dato: Torsdag 7. november 2024

Stad: Bryne kino og Hotell Jæren

Programmet vert oppdatert fortløpande

08.00 – 08.30
Registrering og mingling på Bryne kino

Jan Rune Holdhus

Konferansier
Dagens konferansier som skal losa oss gjennom årets bykonferanse er Jan Rune Holdhus.

Jan Rune Holdhus har vore scenekunstnar i snart 25 år.
Han har stått på dei største scenene i landet, gitt ut to plater og blei i år tildelt Stavanger kommunes kulturpris.
I 2021 gjekk han viralt med karakteren sin June Kommune og er for tida aktuell med framsyninga June Kommune «Norges Stasminister», som har fått strålande kritikkar og som har selt over 10.000 billettar.

Oppvarming

08.30
Velkommen

ved kommunedirektør i Time,Trygve Apeland

Kulturelt innslag
ved Time Kulturskule

Ronny Kalgraff

Ronny Kalgraff, banksjef bedriftsmarkedet
Pulsen BANKER på Bryne

SpareBank 1 Sør-Norge
Vi har skifta litt på namnet vårt, elles blir mykje som før. Menneska også.
Vi skal bidra til større verdiskaping, og vere ein endå sterkare støttespelar for deg, for verksemdene, næringslivet og lokalsamfunnet.

Pulsen på næringslivet
Eit blikk på dei viktigaste hovudelementa frå bankens ferske konjunkturbarometer.
Kva seier Bryne-indeksen?

Profilbilde av Marit Salte

Marit Salte, CEO, Smedvig
Næringslivet som samfunnsutvikler/samfunnet som næringsutvikler

Engasjerte og ansvarlege bedriftseigarar ynskjer å levere langsiktige økonomiske, sosiale og miljømessige verdiar. Eit skapande og engasjert næringsliv saman med framifrå kunnskapsmiljø og det offentlege som ein aktiv part og tilretteleggjar, gir kraft til omstilling og gode lokalsamfunn.

Hjarta for Bryne?

Gro Persson

Gro Persson, byantikvar Sandnes kommune
Sandnesløftet

Eit byutviklingsprogram som legg vekt på samarbeid på tvers og kulturmiljø som ressurs i sentrumsutviklinga.

Even Smith Wergeland

Even Smith Wergeland
Gjenbruksbyen Bryne? 

Byutvikling har lenge vore synonymt med riving og nybygging. No møter denne trenden motstand frå mange hald og gjenbruk av eksisterande ressursar har blitt den nye vinen. I dette foredraget skal du få høyre kvifor og korleis.

10:10-10:30 – pusterom

Aldri kvilepuls?

Torill Renaa

Torill Renaa
Frå anonym til global: Vegen til Michelin-stjerner

I 2009 var det ikkje mogleg å få Michelin-stjerne utanfor hovudstadene i Norden. Torill Renaa deler historia om korleis dei vart den første restauranten utanfor ein hovudstad til å få stjerne i 2016, to stjerner i 2020 og tre stjerner i 2024. Ho vil fortelje om arbeidet bak suksessen, med fokus på opplæring, leverandørar og ein tydeleg kulinarisk identitet som gjorde dei til ein global merkevare.

Ny energi?

11:30 – 12:30 – lunsj i Bryne-byen 

Ørjan Zazzera
Er det viktigare å springa fort enn å tenka djupt? 

Ørjan Zazzera Johansen kåserer og filosoferer om kulturlivet på Bryne. Treng me eigentleg noko meir enn fotball? Kvifor kastar folk vekk livet på meiningslause ting som musikk, bøker og teater når me har fått ny kunstgrasbane? Er det nokon vits i å bruka løna på andre ting enn nye fotballsko?
 
Johansen er forfattar og lesevitar. Han har gitt ut åtte bøker, fem av dei om fotball på Bryne. Samtidig er han formidlar og informasjonsansvarleg på Garborgsenteret og leiar i Rogaland forfattarlag.

I takt?

Geir Pollestad

Geir Pollestad, Landbruks- og matminister
Framtida til landbruket på Jæren

Olav Bang-Haagensen

Kurt Helland
Landbasert fiskeoppdrett

Totalbetong er ein landsdekkande totalentreprenør med oppdrag langs heile Noregs kystlinje. Vi utviklar og leverer alle typar bygg og anlegg, og har spisskompetanse innan landbasert oppdrett.

Tone Steinsland

Tone Steinsland
Jærsk konkurransekraft i eit internasjonalt perspektiv

13:35 – 13:50 – pusterom

Hjarteslag

Utdeling av Byutviklingsprisen

Prisen vert utdelt av ordfører i Time, Andreas Vollsund.

Bilde av Rune Haugseng

Rune Haugseng
Å bygge gode lag

 

Dag Årsland
Demens – en av våre største framtidige samfunnsutfordringer

Dag Årsland, overlege, professor og forskningsleiar med demens og Alzheimer som spesialfelt, presenterea utfordringa og mogelegheiter i tilknyting til at vi framover får mange fleire eldre, og dermed stor auking i demensrelaterte sykdommer.

Brynebeat

15.00 – 18.00
Middag og mingling på Hotell Jæren

Bli med på ein herleg middag på Hotell Jæren med molegheit for mingling med både kjente og ukjente.

Underhaldning: June Kommune.