Dato: 10. november 2022
Stad: Bryne kino og Hotell Jæren
Konferansier: Harald Ellingsen
08.30
Velkommen
ved kommunedirektør i Time,Trygve Apeland
Kulturelt innslag
ved Time kulturskule
Ida Jaarvik Hetland
100 oppturar på Jæren
Ida Jaarvik Hetland er 35 år, brynebu og trebarnsmor. Ho er utdanna siviløkonom frå New York, og har tidligare jobba for FN, KPMG og Innovasjon Norge. Nå jobbar ho i AKVA Group.
I 2021 skreiv Jaarvik Hetland«Jærsk Turbok» – ein boksuksess som har fått heile fylket ut på tur for å oppdaga jærske perler.
Bjørnar Tollaksen, Grensesnitt
Bryne som teknologi-hub
Bjørnar Tollaksen starta programvareselskapet Grensesnitt i Høghuset på Bryne i 2018, med seg sjølv som einaste tilsett. I dag tel Grensesnitt 13 ansatte og leverer skreddersydd programvare til store og mellomstore aktørar i heile landet.
Bjørnar sin draum er å skape eit sterkt fagmiljø på Bryne som er nasjonalt anerkjend innafor sitt felt. Korleis kan me få dette til?
Ole Henrik Golf, Remote Norge
Ein sexy småby
Ole Henrik Golf er dagleg leiar i Remote, ein startup som legg til rette for fjernarbeid utanfor storbyane. Han har starta og driv to coworking-spaces i Mandal.
Mandal er ein liten by med berre nokre få tusen flere innbyggarar enn Bryne. Likevel har dei klart å bygga opp eit stort, innovativt miljø bestående av gründarar, scaleups og fjernarbeidarar i stor skala.
Ole Henrik er her for å fortelja om korleis dei har jobba for å auka attraktiviteten av Mandal, og ikkje minst for å få fleire unge, dyktige menneske til å flytta dit.
Kjetil Njærheim
Vegval for næringslivet på Jæren
Verda står overfor store utfordringar med energisikkerheit, grøne skifter og synlege svakheiter innan leverandørindustrien. Produksjonsmiljøet på Jæren har flinke problemløysarar som kan bruka både hender og hovud. Er det slik at me kan verta best i klassen, og kva vegval og moglegheiter har Jæren for dei neste generasjonane?
Kjetil Njærheim har vore med på reisa til Envirex Group sidan den spede starten i 2022. Han har mastergrad i International Management og har uttalt at Norges best bevarte hemmelegheit er jærsk teknologi.
Mons Skrettingland, Hå kommune
Nåtid og framtidsvisjonar for Kviamarka og Grødaland
Kviamarka næringsmiddelpark er eit døme på langsiktig vellukka arbeid, og næringsklynga består i dag av driftige aktørar som dreg stor nytte av kvarandre.
Kor går vegen vidare for Kviamarka og Grødaland, og kva kan andre læra av dette prosjektet?
Terje Eide, Nordic Edge
Landbruksteknologi som næring
Kva moglegheiter finst det innan utvikling og vidareutvikling av ny landbruksteknologi på Jæren? Det har Terje Eide fleire tankar om.
Eide er konstituert dagleg leiar av Nordic Egde AS. Han har bakgrunn som partnar og medgründar av Markedsføringshuset og er i tillegg medgründar av læringsteknologi-konferansen KnowHow Edtech som inngår i Nordic Edge Expo.
Håkon Oma, Aarbakke
Teknologi for framtida
Aarbakke er ei av dei mest anarkjende hjørnesteinsbedriftene på Jæren, og vart i 2021 kåra til «Norges smarteste industribedrift». Nå satsar dei ytterligare.
Nestleder i Aarbakke, Håkon Oma, fortel meir om planane på Bykonferansen.
Siv Elise Seland (Woodling) og Harald Mjølne (Sandnes Garn)
Nytt liv i tekstilbransjen
Siv Elise Seland frå Woodling og Harald Mjølne frå Sandnes Garn fortel om korleis dei, mot alle odds, har bidrege til å snu ein tradisjonsrik bransje som var i ferd med å forsvinna frå regionen vår, og korleis dei ser spennande teknologiske moglegheiter framover på Jæren.
Ørjan Zazzera Johansen, forfattar
Då Bryne var best
Kåseri om Bryne og Jæren.
Ørjan Zazzera Johansen er forfattar og lesevitar. Han er i haust aktuell med boka «Historia om Erling Braut Haaland» og jobber til dagleg som formidlar og informasjonsansvarleg på Garborgsenteret.
Peter F. Strassegger, forfattar, psykolog og leiar av Jorddøgn litteraturfestival
Å heller vil eg med augo sjå
Peter F. Strassegger er forfattar og psykolog frå Bryne. Han er fødd i Østerrike, men flytta til Jæren då han var 12 år gammal. Etter å ha studert i Oslo og budd der i fleire år som vaksen, vende han heim til Jæren. Då såg han Bryne med heilt nye auge.
Atle Jerstad, Glødefisk, med elevar frå Bryne vgs.
Kven er Bryne?
Bryne må setja seg mål. Visa kva me vil, og kven me vil vera.
Bryne er omlag den 50. største byen i landet. Det er ikkje ein spesielt attraktiv posisjon. Med ein tydelig og unik identitet, kan me styrka omdømet me alt har. Det handler om å trekka til seg og halda på dei beste folka, og dei mest spennande verksemdene, dei beste lærekreftene. Me kan ikkje vera alt for alle, men me kan vera mykje for mange. Men kva?
Dette arbeider Bryne Næringsforening, Glødefisk og elevar ved Bryne vgs. med å kartlegga. Resultata, og skisser på moglege vegval, vert lagt fram på Bykonferansen.
Frode Hagerup, Opplev Jæren
Opplev Jæren på 15 minutt
Frode Hagerup er dagleg leiar i Opplev Jæren og vil fortelja om Jæren sitt potensial innan berekraftig reiseliv og gje ei kjapp oppdatering om prosjekt som er i gang på Jæren, frå Jærmalarane til Trafoleden.
Berekraftig reiseliv handlar om å bruka våre naturlege fortrinn og lyfta fram eksisterande og ukjende besøksmål.
Linn Falck, Kolumbus
Berekraftig transport på Jæren
Mobilitet utfordrar siloane og krev at det offentlege og private saman finn svaret på korleis folk i Rogaland kan bevega seg oftare utan eigen bil.
Linn Falch er avdelingsleiar for By og konsept i Kolumbus. Ho brenn for at me som region skal lykkast med å gje det beste og mest effektive mobilitetstilbodet me kan til våre innbyggarar.
Alexandria Algard, juryleiar «Attraktiv by»
Kva nå, Bryne?
Alexandria Algard er arkitekt, samfunnsdebattant, foredragshalder og byutviklingsnerd.
Ho er òg juryleiar for Attraktiv by: Staten sin pris for berekraftig by- og stadsutvikling, og var med då juryen besøkte Bryne i vår, i samband med at Bryne-byen var finalist til å vinna prisen.
Nå kjem Algard tilbake. På Bykonferansen vil ho fortjelja om kvifor Bryne er blant topp tre av dei mest attraktive byane i Noreg og kva me kan gjera for at Bryne skal verta ein endå betre by å leva i.
Prisen vert utdelt av ordførar i Time, Andreas Vollsund.
Bli med på ein herleg middag på Hotell Jæren med moglegheit for mingling med både kjende og ukjende.
På trerettarsmenyen står speket svinenakke, indrefilet av okse og «tilslørte hotelljenter».
Det er mogleg å reservera heile bord på førehand om ønskeleg.